– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Det er eit repeterande arrangement

Historiske måleri av Knud Bergslien

fre13sep(sep 13)12:00fre18okt(okt 18)15:00Historiske måleri av Knud Bergslien12:00 - (oktober 18) 15:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

I heile september har publikum eit eineståande høve til å sjå fem store bilete av Knud Bergslien i festsalen!

I 1873 vart Kong Oscar II krona i Trondheim. Knud Bergslien vart invitert til å måla desse fem historiske bileta til kroningshøgtida, og måleria vart stilte ut under festhøgtida i ein mellombels festsal like ved Stiftsgården. Nokre år seinare vart bileta selde til konsul Christian Børs frå Bergen, og dei kom til Voss i 1990. Kjøpar var Erling Bjørke, og bileta vart monterte i eit stort møterom på Bjørkemoen i 1993. I 2021 kjøpte Stiftinga Bergsliminne bileta, og målet er at dei skal visast fram i eit framtidig Bergslien kunstsenter.

I samarbeid med Stiftinga Bergsliminne får museet no høve til å vise dei fem verka til publikum.

Bileta

Harald Hårfagre ved slaget ved Hafrsfjord

Slaget ved Hafrsfjord, sørvest for Stavanger, stod mot slutten av 800-talet. Her vann Harald Hårfagre ein viktig siger mot småkongar og høvdingar frå Sørlandet og Viken. Det har vore hevda at slaget var avgjerande for at Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike, men riket han sat att med etter slaget avgrensa seg til Sør-Vestlandet. På biletet ser me Harald Hårfagre stå fremst i skipet, etter at slaget er over, saman med nokre av krigarane sine. Kongen ser roleg ut, vel vitande om at han har vunne slaget.

Olav Den Helliges omvendelsesverk

I sagaen om Heilag-Olav vert det fortalt om då han i 1021 møtte bondehøvdingen Dale-Gudbrand på Hundorp i Gudbrandsdalen. Heilag-Olav ville kristna folket, men folket ved Hundorp ville ikkje ta den nye trua. Det hadde lenge vore dårleg vêr, og Dale-Gudbrand sa til kongen at viss guden hans var så sterk, kunne han kanskje ordna godt vêr til dagen etter? Ved morgongry, då sola stod opp, sa Heilag-Olav at der kjem guden min. Samstundes slo ein av mennene hans, Kolbein Sterke, til avguden til Dale-Gudbrand. Avguden vart øydelagd, og ut sprang det både rotter, ormar og padder. På biletet ser me Heilag-Olav peika mot sola, medan Kolbein Sterke gjer seg klar til å slå.

Kong Sverre og Birkebenerne

Hausten 1177 kom Kong Sverre med hæren sin til Voss. Han vart stoppa ved Båbrua og måtte ta vegen tilbake mot Raundalen. Då dei var på høgfjellet vart det snøstorm. Dei visste ikkje kvar dei var, og mange var på nippet til å gje opp. Kongen heldt ein manande tale, og kort tid etter letna stormen. Dei såg kvar dei var og kunne finna vegen ned att til bygda, truleg ved Flåm. På biletet er kongen prega av den sterke vinden, men han står framleis oppreist, slik ein konge skal.

Kong Håkon den Gamles Kroning i Bergen

I 1247 vart Kong Håkon Håkonsson krona i Bergen. Kongen står sentralt på biletet, ved Kristkyrkja i Bergen. Han helsar på Vilhelm av Sabina, som var utsending frå paven. Mellom dei to ser me Håkon den unge, son til kongen, som held krona hans. Denne kroninga var dyr; omrekna til dagens kroneverdi kosta det heile rundt 300 millionar kroner.

Kong Carl Johans Kroning i Trondhjems Domkirke

Carl Johan vart krona i Nidarosdomen i 1818. Biletet er ein kopi av eit måleri Jacob Munch måla under kroninga i 1818, og som i dag heng på Slottet. Carl Johan sit på trona, medan kronprins Oscar står til venstre i biletet. Til høgre står statsminister Peter Anker og les opp kronings-eiden for kronprinsen.

 

I festsalen står óg eit gipsutkast til Karl Johan-monumentet av Brynjulf Bergslien

Brynjulf Bergslien (18301898) var bilethoggar og bror til målaren Knud Bergslien.

Han er mest kjend for Karl Johan monumentet på Slottsplassen i Oslo som vart avduka i 1875. Bergslien fekk oppdraget i konkurranse med nokre av dei fremste bilethoggarane i Europa på denne tida. Her ser me Bergslien sitt utkast utført i gips.

Bergslien har fleire andre kjende statuer i hovedstaden, av Henrik Wergeland i Studenterlunden, Johannes Brun på Bankplassen og Peter Chr. Asbjørnsen på St. Hanshaugen. Bilethoggaren Gustav Vigeland var ein av Bergslien sine elevar.

Eigar av gipsmodellen er Voss Vekselbank.

Tid

September 13 (Fredag) 12:00 - Oktober 18 (Fredag) 15:00(GMT+00:00)