– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Dagestadmuseet

Magnus Dagestad Voss folkemuseum

Dagestad og drakestil

Opningstider:  Det er ikkje faste opningstider på Dagestadmuseet, ta kontakt med Voss folkemuseum på førehand og avtal om du ynskjer å besøka Dagestadmuseet.

Treskjeraren Magnus Dagestad (1865–1957) var ein av dei fremste representantane for drakestilen på Vestlandet. Han grunnla verkstad og treskjerarskule på Voss, og var i mange år styrar for Norsk Kunsthandverksskule.

Dagestad gikk i lære hjå Lars Kinsarvik i Hardanger. I læretida møtte Dagestad den første kona si, Helena Bu. Helena dreiv med rosemåling og står bak fargeval og måleri på mange av dei mest kjende arbeida hans.

I 1950, på sin eigen 85-årsdag, opna Magnus Dagestad eit lite museum over livsverket sitt. Etterkomarane hans bygde seinare eit større museumsbygg, som opna i 1977. Her er mange av arbeida til Dagestad utstilte. Hardanger og Voss museum tok over drifta i 2016.