– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Mølstertunet

Opplev gamle Voss

Mølstertunet ligg høgt og fritt med fin utsikt over Vossavangen. Det er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar. Husa står der dei ein gong vart sette, ingen ting er flytta til eller frå.

Dette gjev eit autentisk innblikk til byggeskikk og levemåte i eldre tid. Garden er gamal, truleg frå før vikingtida. I 1521 var det to brukarar på Mølster. Husa deira er samla i eit rekkjetun, ein tunskipnad som var vanleg i vossabygdene.

Her hadde brukarane kvar sine stovehus, eldhus, loft, buer, fjøs, løer og vedhus. Det eine bruket hadde òg ei kårstove.

På det meste har det budd om lag 30 personar her. Dei to familiane flytte ut i 1926 og 1927, ti år etter at Voss folkemuseum var skipa. Museet opna i 1928.

6. juni 2023 er det 100 år sidan Mølstertunet vart freda av Riksantikvaren!