– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Museumslaget

Bli medlem! 

Museumslaget er for deg som har eit ekstra stort hjarte for Voss folkemuseum. Du ynskjer å vera ein aktiv brukar og kanskje også medhjelpar for aktivitet ved museet.

Museumslaget bidreg til å gjera museet til ein god og viktig møteplass. Som medlem kan du bli med på uformelle samkomer i tillegg til offentleg annonserte tilstellingar.

Mange medlemer sit også inne med mykje kunnskap. Dette kan vera utgangspunkt for å arbeida med ulike tema for dei som ynskjer det. 

Som medlem i laget får du:
Gratis inngang på museet
Rabatt på ulike arrangement og kurs
Sosialt fellesskap

Medlemskap:
Kr 250,- pr person
Kr 400,- pr familie

Vend deg til resepsjonen for medlemskap.
Spørsmål? Kontakt oss også gjerne på tlf 474 79 794 eller voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Ynskjer du å gje medlemskap i gåve? Då kan du få info tilsend digitalt.


Styret i museumslaget er: 

Olav Tvilde, Vidar Skeie, Bridget Penny, Kjell Herheim og Gurid Bonsaksen