Utsikta

Nyt utsikta frå Mølster
Kom opp og få den beste utsikta over Voss!
Voss folkemuseum og Mølstertunet er eit populært turmål. Dette er ikkje utan grunn – anten du går, køyrer, spring eller syklar vil du ha glede av eit fantastisk utsyn over delar av vossabygda.
Treng du påfyll av noko slag så er kafeen open i museets opningstider. Her kan du nyta ein kopp kaffi, kaker, is eller brus.