– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Oppheim gamle prestegard

Eit tun med spor frå mellomalderen

Opningstider: Det er ikkje faste opningstider  på Oppheim gamle prestegard, ta kontakt med Voss folkemuseum på førehand og avtal dersom du vil ha omvising i prestegarden.
_________

Ruslar du opp vegen frå Oppheim, forbi den gamle kyrkjegarden, kjem du til eit tun med spor etter byggjeskikk og bustadform frå mellomalderen.

Bustadhusa ligg i ei lang, samanhengande rekkje, med skykkje/vedhus, årestove, stove, og bu med loft. På veggen mellom stovene finn ein spor av den eldre dekorforma kroting. Fremst i tunet står løa med fjøs.

Sjølv om det ikkje har budd prest på garden sidan katolsk tid, har garden alltid høyrt til kyrkjegodset.

Oppheim gamle prestegard ligg ved Oppheim kyrkje, 26 km frå Vossavangen. Det er avkøyring frå E16. Tunet har ikkje faste opningstider, men det er alltid råd å koma inn på området.