Det er eit repeterande arrangement25. September 2024 12:0027. September 2024 12:00
Historiske måleri av Knud Bergslien
tors26sep(sep 26)12:00tors31okt(okt 31)15:00Historiske måleri av Knud Bergslien
Om arrangementet
I heile september har publikum eit eineståande høve til å sjå fem store bilete av Knud Bergslien i festsalen! I 1873 vart Kong Oscar II krona i Trondheim. Knud Bergslien vart
Om arrangementet
I heile september har publikum eit eineståande høve til å sjå fem store bilete av Knud Bergslien i festsalen!
I 1873 vart Kong Oscar II krona i Trondheim. Knud Bergslien vart invitert til å måla desse fem historiske bileta til kroningshøgtida, og måleria vart stilte ut under festhøgtida i ein mellombels festsal like ved Stiftsgården. Nokre år seinare vart bileta selde til konsul Christian Børs frå Bergen, og dei kom til Voss i 1990. Kjøpar var Erling Bjørke, og bileta vart monterte i eit stort møterom på Bjørkemoen i 1993. I 2021 kjøpte Stiftinga Bergsliminne bileta, og målet er at dei skal visast fram i eit framtidig Bergslien kunstsenter.
I samarbeid med Stiftinga Bergsliminne får museet no høve til å vise dei fem verka til publikum.
Bileta
Harald Hårfagre ved slaget ved Hafrsfjord
Slaget ved Hafrsfjord, sørvest for Stavanger, stod mot slutten av 800-talet. Her vann Harald Hårfagre ein viktig siger mot småkongar og høvdingar frå Sørlandet og Viken. Det har vore hevda at slaget var avgjerande for at Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike, men riket han sat att med etter slaget avgrensa seg til Sør-Vestlandet. På biletet ser me Harald Hårfagre stå fremst i skipet, etter at slaget er over, saman med nokre av krigarane sine. Kongen ser roleg ut, vel vitande om at han har vunne slaget.
Olav Den Helliges omvendelsesverk
I sagaen om Heilag-Olav vert det fortalt om då han i 1021 møtte bondehøvdingen Dale-Gudbrand på Hundorp i Gudbrandsdalen. Heilag-Olav ville kristna folket, men folket ved Hundorp ville ikkje ta den nye trua. Det hadde lenge vore dårleg vêr, og Dale-Gudbrand sa til kongen at viss guden hans var så sterk, kunne han kanskje ordna godt vêr til dagen etter? Ved morgongry, då sola stod opp, sa Heilag-Olav at der kjem guden min. Samstundes slo ein av mennene hans, Kolbein Sterke, til avguden til Dale-Gudbrand. Avguden vart øydelagd, og ut sprang det både rotter, ormar og padder. På biletet ser me Heilag-Olav peika mot sola, medan Kolbein Sterke gjer seg klar til å slå.
Kong Sverre og Birkebenerne
Hausten 1177 kom Kong Sverre med hæren sin til Voss. Han vart stoppa ved Båbrua og måtte ta vegen tilbake mot Raundalen. Då dei var på høgfjellet vart det snøstorm. Dei visste ikkje kvar dei var, og mange var på nippet til å gje opp. Kongen heldt ein manande tale, og kort tid etter letna stormen. Dei såg kvar dei var og kunne finna vegen ned att til bygda, truleg ved Flåm. På biletet er kongen prega av den sterke vinden, men han står framleis oppreist, slik ein konge skal.
Kong Håkon den Gamles Kroning i Bergen
I 1247 vart Kong Håkon Håkonsson krona i Bergen. Kongen står sentralt på biletet, ved Kristkyrkja i Bergen. Han helsar på Vilhelm av Sabina, som var utsending frå paven. Mellom dei to ser me Håkon den unge, son til kongen, som held krona hans. Denne kroninga var dyr; omrekna til dagens kroneverdi kosta det heile rundt 300 millionar kroner.
Kong Carl Johans Kroning i Trondhjems Domkirke
Carl Johan vart krona i Nidarosdomen i 1818. Biletet er ein kopi av eit måleri Jacob Munch måla under kroninga i 1818, og som i dag heng på Slottet. Carl Johan sit på trona, medan kronprins Oscar står til venstre i biletet. Til høgre står statsminister Peter Anker og les opp kronings-eiden for kronprinsen.
I festsalen står óg eit gipsutkast til Karl Johan-monumentet av Brynjulf Bergslien
Brynjulf Bergslien (1830–1898) var bilethoggar og bror til målaren Knud Bergslien.
Han er mest kjend for Karl Johan monumentet på Slottsplassen i Oslo som vart avduka i 1875. Bergslien fekk oppdraget i konkurranse med nokre av dei fremste bilethoggarane i Europa på denne tida. Her ser me Bergslien sitt utkast utført i gips.
Bergslien har fleire andre kjende statuer i hovedstaden, av Henrik Wergeland i Studenterlunden, Johannes Brun på Bankplassen og Peter Chr. Asbjørnsen på St. Hanshaugen. Bilethoggaren Gustav Vigeland var ein av Bergslien sine elevar.
Eigar av gipsmodellen er Voss Vekselbank.
Tid
26. September 2024 12:00 - 31. oktober 2024 15:00(GMT+00:00)
Program
sun19jul13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
19. juli 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
Andre tider for dette repeterande arrangementet
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)