– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Fotosamling

67 000 kulturhistoriske foto

Voss folkemuseum har om lag 67 000 kulturhistoriske fotografi. Her er foto tekne av dei fleste fotografar som har vore aktive på Voss.

Her er sjølvsagt mange eldre foto, men dei fleste bileta i arkivet vårt er frå tida etter andre verdskrigen. I 2014 kjøpte Voss folkemuseum arkivet etter Herheim foto, som inneheld bilete frå 55 000 oppdrag. Det inneheld foto tekne av Gjøstein foto 1945–56, og Herheim foto 1956–2014.

Fotograf Kjell Herheim har kontordag på museet kvar måndag og tysdag. Ta gjerne kontakt med han dersom du ynskjer tilgang til fotosamlinga.

Delar av fotosamlinga vår er lagt ut på Digitalt museum (www.digitaltmuseum.no). Der kan du søkja i bileta våre. På Digitalt museum finn du foto og gjenstandar frå museum i heile landet, men viss du skriv inn VFV før ordet du søkjer på, avgrensar du søket til samlinga til Voss folkemuseum.