– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bibliotek

20 000 bøker

Voss folkemuseum har ei rik boksamling. Her er mest fagbøker, men òg mange tidsskrift, skjønnlitterære bøker, og aviser. I alt er her bortimot 20 000 bøker, og om lag 30 hyllemeter med arkivmateriale.

Museet har over tid bygd opp boksamlinga. Her er mykje lokalhistorie, ei stor samling antikvariske bøker, og faglitteratur om ei rekkje emne. Me har òg det meste av lokale aviser, og har mellom anna Hordaland komplett frå 1902. I 2016 fekk me ei stor bokgåve frå Hordaland fylkeskommune, då me tok mot rundt 10 000 bøker frå Voss gymnas.

Det er ikkje råd å låna bøker med seg heim, men i biblioteket er det arbeidsbord der ein kan bruka bøkene. Ta kontakt med oss dersom du ynskjer å bruka biblioteket.