– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bygningsvern

Bygningsvernkonsulent

I 2023 vart det for fyrste gong tilsett bygningsvernkonsulent for Voss herad. Arkitekt Tora Lie Brunborg er tilsett på Voss folkemuseum og kan gje råd og rettleijing til eigarar av eldre hus. 

Det er igangsett ei kursrekkje Hjelp, eg eig eit gamalt hus. Denne vert gjennomført ein til to gongar kvart år saman med kulturminnekonsulent i Voss herad. 

Lys i gamle hus med Vossavri

I 2023 vart Voss den sjette kommunen som vart med i pilotprosjektet Lys i gamle hus (LGH).  Prosjektet initiert av Fortidsminneforeningen, og målsettinga er å aktivera og gje nytt liv til eldre og tomme hus. På Voss har bygningsvernkonsulent prosjektansvar for denne satsinga. 

Voss har ein pressa bustadmarknad for både hybelbuarar, unge etablerarar, barnefamiliar og innbyggjarar generelt. Samstundes aukar talet av folk som søkjer seg ut av byane, til eit hus med «sjel» eller eit småbruk. Nyetablerte tilflyttarar har gjerne kompetanse som distrikta har behov for, også her på Voss.

Kaia Finne, næringssjef Voss herad

Å byggja nytt, fører til store klimagassutslepp; heile 40% av energibruken i Noreg er knytt til byggebransjen. Det er difor nødvendig at samfunnet innfører ein meir heilskapleg gjenbrukskultur, og ser potensiala i det som allereie finst (Kjelde: Lys i gamle hus).

Kontakt

Tora Lie Brunborg

Bygningsvernkonsulent

E-post: tora.brunborg@hvm.museum.no

Telefon: +47 923 22 863

Gamle trehus, ved vatn, sommar, himmel med skyer, voss
En hvit gammel sveitservilla i blått vinterlys og skog i bakgrunnen.