– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Forsking ved museet

Dei tilsette ved Voss folkemuseum gjer jamleg ein del forsking i samband med utstillingar og undervisingsopplegg. Her vert òg skrive artiklar til årboka Gamalt frå Voss, som me gjev ut saman med Voss Bygdeboknemnd og Voss Sogelag. Der vert det òg publisert annan forsking.

Museet får òg ofte besøk av folk som vil bruka samlingane i samband med forskinga si. Nokre finn det dei leitar etter på biblioteket, andre vil heller inn i gjenstandsmagasinet vårt.