Utsyn mot Voss

Basisutstillinga
Ved Voss folkemuseum kan du no sjå basisutstillinga, Utsyn mot Voss.
Utstillinga stod ferdig til sommaren 2021, og fortel historia om Voss dei siste 500 Ã¥ra. Museet har henta fram mange godbitar frÃ¥ samlingane sine, og har i tillegg lÃ¥nt inn ei rekkje gjenstandar frÃ¥ andre.Â
Utstillinga opnar med ein presentasjon av det gamle bondesamfunnet, bryllaupstradisjonar og folkedrakt. (Heile bringklutsamlinga vår kan du finna her: (https://digitaltmuseum.no/search?q=bringklut+vfv)
På vegen vidare gjennom historia er der to store vendepunkt – opninga av Vossebanen i 1883, og den andre verdskrigen.
I utstillinga vil du mellom anna møta mange enkeltpersonar som har prega lokalsamfunnet gjennom desse åra, du vil høyra opptak med mange av dei beste musikarane frå bygda, og du vil sjå filmar frå Ekstremsportveko.
Utstillinga er produsert i samarbeid med arkitektbyrÃ¥et Vill i Bergen som stÃ¥r bak formgjevinga.Â



