YrrY
fre18sep19:00YrrYKonsert: Borealis Ung komponist
Om arrangementet
Opplev trioen YrrY presentera verk av fire ulike unge komponistar – i Kabuso fredag 18. september kl 19! YrrY er årets ensemble i Borealis Ung Komponist – mentorprogrammet knytt til Borealis
Om arrangementet
Opplev trioen YrrY presentera verk av fire ulike unge komponistar – i Kabuso fredag 18. september kl 19!
YrrY er årets ensemble i Borealis Ung Komponist – mentorprogrammet knytt til Borealis festival for eksperimentell musikk.
Dette er eit program for unge, lovande musikkskaparar som er i startfasen av komponistkarriera si, der dei får jobba med internasjonalt anerkjende mentorar og eit lokalt ensemble i utviklinga av nye verk. Verka hadde premiere under Borealis i mars 2020 og kjem no til Kabuso!
Den bergensbaserte trioen YrrY kombinerar to av dei eldste måtane å laga musikk på – stemme og perkusjon – på nye og overraskande måtar.
Trioen utforskar akustikk, elektronikk og fysiske moglegheiter i improvisert og nyskriven musikk. Dei fire verka som YrrY presenterar nyttar alt frå tale, barnevogner, popcorn og rørsle for å skapa lyfbilete som stimulerar kropp og sjel.
Vokalist Mari Galambos Grue spesialiserar seg i samtidsmusikk og tidlegmusikk, med fokus på stemma si moglegheit til å uttrykka kjensler og identitet.
Perkusjonistane Håkon Skjæret og Owen Weaver deler ein lidenskap for ny musikk og uvanlege instrument, i tillegg til å vera kollegaer i BIT20 Ensemble som utøvarar og formidlarar.
Om komponistane:
- Eva Pfitzenmaierer fødd og oppvaksen i Tyskland, har studert jazzvokal på konservatoriet i Amsterdam, og har vore busett i Bergen siden 2008. Hun jobbar sjangeroverskridane som vokalist, performer, komponist og tekstforfattar mellom anna i soloprosjektet By The Waterhole, i samarbeid med koreografar og med produksjon og framføring av eigne scenekunstforestillingar. Musikken hennar hentar inspirasjon fra både samtidsmusikk, elektronisk- og populærmusikk samt tradisjonell musikk frå heile verda.
Eva utforskar korleis forskjellige kunstneriske uttrykk kan kombinerast for å skapa heilskaplege verk, og prøver å finna dei korte augneblinkane av ustabilitet og skjørheit i ein performance, eit musikkstykke eller ein tekst, som gjenspeglar det menneskelige som me alle kan kjenna oss igjen i. - Hilde Annine Hasselberg er ein norsk sopran, utøvar og komponist busett i Bergen. Ho har mastergrad i klassisk song frå Griegakademiet i Bergen, og begynte å komponera etter at hun fullførte videreutdanningen i Live Electronics ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Repertoaret hennar som songar spenner frå tidlegmusikk og opera til samtidsmusikk og moderne teater. Som komponist let ho seg inspirera av naturlege lydar, situasjonar og kjensler. Hennar største arbeid hittil er verket Vindkraft som er skrive for vokal, to hangglidere (!) og elektronikk.
- Aslak Bjørge Hermstad er ein komponist med utdanning frå Griegakademiet i Bergen. Musikken hans består ofte av langsomme lydlandskap, og han jobbar både med notert- og elektronisk musikk. Han hentar inspirasjon frå mange sjangerar, og er stor fan av filmskaperen David Lynch. Som komponist er han usikker, forvirret og glad i å eksperimentera – han er djupt interessert i dei politiske og sosiale sidene av å komponera.
- Steinar Yggeseth er ein komponist frå Oslo. Han arbeidar med det han kallsr soniske relasjonar. Musikken hans har ofte basis i ulike klanglege kvalitetar og spelar seg ut ein stad mellom klang og tone. I verka er det lyden eller lydmodellar som er gjenstand for utforsking i musikken. Ofte er improvisasjon eller improvisatoriske element ein del av Yggeseth sine verk, anten som ledd i komposisjonsprosessen eller inkorporert i framføringa av verket.
Arr: Borealis festival for eksperimentell musikk og Kunsthuset Kabuso
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
18. September 2020 19:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
sun19jul13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
19. juli 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
Andre tider for dette repeterande arrangementet
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)