Verkstad
Om arrangementet
Reparasjons- og brikkolage-verkstad med kunstnar Martin Andersen.Ta med noko du vil ha hjelp til å fiksa – t.d. møblar eller andre gjenstandar! Brikkoløren på møbelverkstaden: Reparasjonskulturen står sterkt i Kvam. Men
Om arrangementet
Reparasjons- og brikkolage-verkstad med kunstnar Martin Andersen.Ta med noko du vil ha hjelp til å fiksa – t.d. møblar eller andre gjenstandar!
Brikkoløren på møbelverkstaden:
Reparasjonskulturen står sterkt i Kvam. Men det finst mange vis å fiksa ting på og av og til blir reparasjon ei kreativ løysing.
Hos kunstnaren Andersen, mest kjent for Solspeilet på Rjukan, er reparasjon og fiksing ein byggestein i kunstnarskapen. Då han starta si kunstutdanning i Paris på 1990-talet, gav kona han tilnamnet Brikkolør, som på fransk gjerne vert nytta om folk som finn oppsiktsvekkjande måtar å reparere ting på.
Stad: Møbelverkstad/stover
Ope: Onsdag 26.-fredag kl 13-17, laurdag 29. mai kl 11-17
Tid
26 (Onsdag) 13:00 - 29 (Laurdag) 17:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utProgram
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
ons20nov18:00ons20:00Byggeskikk og bruk # 2: Vestlandsloftet18:00 - 20:00(GMT+00:00)
Om arrangementet
Velkommen til ei ny føredragsrekkje om ulike bygningstypar i regionen.LOKALE BYGNINGSTYPOLOGIAR: BYGGESKIKK OG BRUK Førelesningsrekka har som formål å
Om arrangementet
LOKALE BYGNINGSTYPOLOGIAR: BYGGESKIKK OG BRUK
Onsdag 20. november, klokka 18:00 – 19:30, Voss folkemuseum
Anne Kristin Moe er etnolog med ei stor interesse for den førindustrielle bondekulturen. Ho har tidlegare arbeidd som konservator for eldre bygdekultur ved Norsk Folkemuseum i Oslo, og er no museumsleiar for Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Ho er spesielt interessert i bygningar som er ulike på Austlandet og Vestlandet, og loft er ein av dei bygningstypane. I føredraget vil ho snakka om loftet som bygningstype, utbreiing, korleis dei tradisjonelt vart brukt og ikkje minst, at det stadig blir fleire loft på Vestlandet som syner seg å vere eldre enn det ein tidlegare har trudd.
Andre del av kvelden vil handla om ny/vidare bruk av lofta. Meir informasjon kjem etterkvart.
Etter førelesingane vert det lagt opp til spesialomvising i dei to bualofta på Mølstertunet. Her er det både mørkt og kaldt, så kle deg godt og ta gjerne med ei lommelykt om du har.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)