– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstillingsopning og boklansering

ons08jun13:00ons15:00Utstillingsopning og boklansering13:00 - 15:00(GMT+00:00)

FIlering

Om arrangementet

Voss husflidslag har i flerie år arbeidd med dokumentasjon av filerte forklebord på Voss. No er dei klare med bok og utstilling.
I filering er utgangspunktet eit ope nett av bomull eller lin. Mønsteret vert danna ved å fylla dei opne rutene med tråd. Det ferdige nettet vert felt inn nede på bunadsforkle. Den fileringa som er brukt i bunadsforkle på Voss er ei enkel form, kalla filet antique, der ein dannar mønster ved å fylla rutene med parallelle trådar. Nemninga filet kjem frå fransk og tyder tråd eller fiskegarn. Den same knuten vert brukt i fileringsbotnen og i fiskegarn, og knuten gjev eit nett med stabile ruter som ikkje forskyv seg. Sjølve broderinga er ei form for stopping. På utstillinga kan ein sjå kring 20 forkle.
Program for dagen:
Opning ved leiar i Norges husflidslag, Barbro Storlien
Song ved Kirsten Gjersvik
Forfriskningar
Boksignering etter opninga
Fritt tilgjenge.
Filering er ein svært gamal handarbeidsteknikk som er brukt over store delar av verda. Teknikken var brukt i Egypt for 5000 år sidan, der dei knytte lange fibrar saman til fiskegarn. I Europa finn me filering brukt frå 1300-talet og framover, og me finn det òg i Sør- og Mellom-Amerika. Kor mykje teknikken har vore brukt har variert, men kanskje med to hovudperiodar: nokre tiår rundt år 1500, og eit oppsving på slutten av 1800-talet.

Filering er brukt fleire stader i landet. I bunadssamanheng finn me teknikken brukt i «konerullen» i Valdres og i kanting av hovudplagg til brurebunadar i Telemark. I desse områda er netta handknytte med diagonale ruter, og ein del av mønsteret vert danna under knytinga. Fileringa i nettet er òg noko annleis enn det som er vanleg i vossatradisjonen no, men me finn slike nett og filering i dei eldste forkleda her i bygda. Dei eldste forkleda i utstillinga er truleg frå rundt 1850.

Me finn kvite forkle med broderte border i fleire bunader i Hordaland. Dei var tidlegare brukte over store delar av fylket, men i dag finn me det mest i Fusa og på Voss. Dei eldste forkleda har nett med diagonale ruter, men frå rundt 1870 kom det maskinknytte nett på marknaden. Desse hadde vassrette ruter, og det er slike nett som vert brukte i dag.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Voss husflidslag og Voss folkemuseum, i samband med at husflidslaget gjev ut boka Filerte forkleborder. Tradisjon og mangfald. Husflidslaget har så langt dokumentert meir enn 40 forkle med filerte border, men dette er ein del av ei pågåande registrering.

Foto: Giske Berland

Tid

(Onsdag) 13:00 - 15:00(GMT+00:00)