Utstillingsopning
lau01okt14:00UtstillingsopningFjordmelk Jordtåke / Folk&Dyr
Om arrangementet
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 1. oktober kl 14! Opning av utstillingane ved Kabuso-leiar Sissel Lillebostad. kl 14.45: Kunstnarsamtale Open kafe i Kabuso kl 13-16 Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit
Om arrangementet
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 1. oktober kl 14!
Opning av utstillingane ved Kabuso-leiar Sissel Lillebostad.
kl 14.45: Kunstnarsamtale
Open kafe i Kabuso kl 13-16
Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit samarbeid mellom Stine Gonsholt og Åse Løvgren og gruppa Skifte.Land, som er sett saman av Malin Lobell, Frøydis Lindén og Sidsel Bonde. Kunstnarane har over tid undersøkt landskapet kring Øystese og Hardangerfjorden med ulike målestokkar. Dei har observert, segla, omarbeidd data og reflektert. Dei har òg invitert andre til å bidra. Verka som vert vist speglar desse ulike prosessane.
I foajéen kan du sjekka ut prosjektet Folk & Dyr. Her finn du ein installasjon med lyttestasjon.
Open kafé med lunsjretter og kaffimat
Tid
1. oktober 2022 14:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)