Utstillingsopning
sun05nov16:3018:00UtstillingsopningHovudplagg og hårmote
Om arrangementet
Den unike vandreutstillinga Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bundbruk opnar på Hardanger folkemuseum 5. november kl 16.30. Utstillinga syner tradisjonelle hovudplagg frå mange stader i Noreg, slik dei var
Om arrangementet
Den unike vandreutstillinga Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bundbruk opnar på Hardanger folkemuseum 5. november kl 16.30. Utstillinga syner tradisjonelle hovudplagg frå mange stader i Noreg, slik dei var nytta på 1700 og 1800-tallet og vert brukt til bunad i dag. Nærare 100 ulike hovudplagg er med. Hardanger folkemuseum er første og einaste visningsstad for denne utstillinga i Hordaland.
Pikahuva, linhatt, pålalue, hette, perlekrans, skaut og båthatt. Variasjonen og kreativiteten har vore stor, både i nemning og utsjånad. Over heile landet var hovudplagget ein svært viktig del av den tradisjonelle draktskikken. Kleda synte kven ein var, og kor ein kom frå, kva anledning ein var kledd for, og kva status ein hadde. Særleg viktig var skiljet mellom gift og ugift, og i det fleste område var det hovudplagget som synte dette. Dei staselegaste hovudplagga var det den gifte kvinna som hadde, sett bort frå dei utruleg vakre brurekrunene som brura bar på brudlaupsdagen. Somme stader var det og eigne hovudplagg for ugifte mødrer, og for peparmøyer, jenter som hadde vorte 30 år utan å gifta seg.
Det er Norsk folkedraktforum som står bak vandreutstillinga, som ein del av arbeidet med å få bunadbruk i Noreg inn på Unesco si liste over representativ immateriell kulturarv. Nff er ei landsomfattande organisasjon som arbeider med bunader forankra i tradisjonell draktskikk. Det er medlemmene i Nff som har laga dei vel 70 plagga som føl med utstillinga. I tillegg er utstillinga supplert med kring 30 hovudplagg frå Hardanger, Voss, Fana, Øygarden, Tysnes og andre stader i Hordaland. Utstillinga har og ein skautfellingsverkstad der ein kan sjå korleis ein lagar koneskaut til hardangerbunaden.
Utstillinga vert opna sundag 5. november kl 16.30. Hanne Yndestad frå Nff fortel om prosjektet som ligg bak utstillinga. Bunadstilvirkar Oli Lilletveit fortel om nokre av hovudplagga frå Hordaland, og Agnete Sivertsen fortel om skautfelling og om hardangerskautet. Kafeen er ope frå kl 15.
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Sjå meir om prosjektet her http://norskfolkedraktforum.no/prosjekter-1#/new-page-55
Tid
5. November 2023 16:30 - 18:00(GMT+00:00)
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)