Utstilling: Ung og lovande
Om arrangementet
Elevar ved Ullensvang kulturskule synar verk inspirerte av Agatunet! I Johansstova i Agatunet set me i år opp ei flott utstilling laga av elevar ved kunstfag ved Ullensvang kulturskule. Til årets
Om arrangementet
Elevar ved Ullensvang kulturskule synar verk inspirerte av Agatunet!
I Johansstova i Agatunet set me i år opp ei flott utstilling laga av elevar ved kunstfag ved Ullensvang kulturskule. Til årets utstilling har dei og invitert med tidlegare elevar som er under utdanning innen kreative fag. Som forarbeid til utstillinga har dei hatt workshop i Agatunet for å samle inntrykk og inspirasjon til å arbeida fram eit verk som vert synt i tunet frå 12.6-4.9.
Utstillinga opnar kl. 13 sundag 12.6. I samband med opninga vert det og musikalske innslag frå elevar ved ulike instrumentkurs ved Kulturskulen!
I 2022 har kunstfagtilbodet 22 elevar i alderen 7-16 år. Undervisningsstadene er Odda, Hauso og Jondal. Lærar er Johild Mæland. Kurset fylgjer skuleåret, og har undervisning ein gong i veka. Elevane jobbar med teikning og maling etter konkrete motiv, og linotrykk. I tillegg laga dei i haust ei 35 meter lang krotebord på svart stoff som vart nytta som scenografi til kulturskulekonserten Une Riter som var ein del av Hardanger Musikkfest sitt program, i 2021.
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
sun13sep12:0015:00Opne dører på Nesheimstunet
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har sige ut over lang tid og no håpar me å få gjort noko med dei i løpet av dei komande åra.
Tunet er stengt til vanleg men denne sundagen kan alle som vil verte betre kjende med husa og gardshistoria. Styrar og bygningsverkonsulent ved Voss Folkemuseum stiller opp til spørsmål og samtale. Gratis inngang!
Foto: Svein Ulvund
Tid
13. September 2026 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Stad
Nesheimstunet museum
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)