May Helen Bleie
lau11maisun01sepMay Helen BleieVAKRE SYLVARBEID
Om arrangementet
May Helen Bleie er frå Bleie i Ullensvang, og utdanna gullsmed frå Plus-skulen i Fredrikstad. Ho arbeidar både med redesign og eigne design, og har late seg inspirere av både
Om arrangementet
May Helen Bleie er frå Bleie i Ullensvang, og utdanna gullsmed frå Plus-skulen i Fredrikstad. Ho arbeidar både med redesign og eigne design, og har late seg inspirere av både gamle gjenstander og omgjevnader i arbeida sine. Til utstillinga i Agatunet har ho mellom anna med seg ei tolkning av lilja som er i våpenskjoldet til Sigurd Brynjulvsson, og heradsvåpenet til Ullensvang herad.
Du kan lesa meir om smykkekunstnaren her.
Billettsal
Utstillinga er inkludert i ordinær billett
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)