UTSTILLING: 30 år med kunst i tunet!
tys31mai(mai 31)18:00sun04sep(sep 4)16:00UTSTILLING: 30 år med kunst i tunet!JUBILEUMSUTSTILLING
Om arrangementet
Den frivillege kunstgruppa jubilerar! Kunstgruppa har sett opp kunstutstillingar i Agatunet kvar sommar sidan 1992 – og feirar dermed 30 år i år! Jubileet markerast med ei utstillinga av samtlege plakatar som
Om arrangementet
Den frivillege kunstgruppa jubilerar!
Kunstgruppa har sett opp kunstutstillingar i Agatunet kvar sommar sidan 1992 – og feirar dermed 30 år i år!
Jubileet markerast med ei utstillinga av samtlege plakatar som har vorte laga til utstillingane gjennom 30 år. Den vert sett opp på høyloftet i Asbjørnsløo (adkomst via låvebrua).
Utstillinga opnar tysdag 31. mai klokka 18. Det vert ei tale ved kunstgruppa og enkel servering. Me oppmodar spesielt folk som kunne tenka seg å delta i kunstgruppa og det kjekke arbeidet med å presentera spanande kunst til å koma! Kunstgruppa har trong for rekruttering, og dette er eit triveleg og gjevande arbeid å vera med på – ikkje er det spesielt krevjande heller. Kunstgruppa samarbeider tett med administrasjon og formidlingsleiar ved museet.
GRATIS INNGONG!
Utstillinga står til 4. september, men vil vera tilgjengeleg ved arrangement utover hausten!
Tid
31. mai 2022 18:00 - 4. September 2022 16:00(GMT+00:00)
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)