Susanne Lundeng
tors05mai20:00Susanne LundengTradisjonsberar med særeiga skaparkraft
Om arrangementet
Susanne Lundeng – fele og vokal, Nils-Olav Johansen – gitar og vokal Erik Nylander – trommer Torsdag 5. mai held Susanne Lundeng endeleg konsert i Kabuso igjen! Susanne er felespelar, folkemusikar og
Om arrangementet
Susanne Lundeng – fele og vokal,
Nils-Olav Johansen – gitar og vokal
Erik Nylander – trommer
Torsdag 5. mai held Susanne Lundeng endeleg konsert i Kabuso igjen!
Susanne er felespelar, folkemusikar og komponist, og reknast som ein av dei viktigaste tradisjonsberarane frå Nord-Noreg. Med si frisinna og ukonvensjonelle blanding av tradisjonell folkemusikk og moderne samtidsuttrykk, skapar ho med fela sin, ein heilt eigen, personleg og karakteristisk sound.
Musikken er prega av den nordnorske naturen og kulturen ho har vakse opp med, men og av ein kunstnarisk vilje og særeiga skaparkraft.
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
5. mai 2022 20:00(GMT+00:00)
Program
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)