Sundagar på Storeteigen
sun02jul(jul 2)11:00sun30(jul 30)17:00Sundagar på Storeteigen
Om arrangementet
Kvar sundag i juli held Storeteigen bygdetun ope for publikum. Legg sundagsturen innom tunet mellom kl 11 og 17 gode opplevingar! Storeteigen byr på:Konsert(ar) med Ingrid Standal Sørheim på toradar kl
Om arrangementet
Kvar sundag i juli held Storeteigen bygdetun ope for publikum. Legg sundagsturen innom tunet mellom kl 11 og 17 gode opplevingar!
Storeteigen byr på:
- Konsert(ar) med Ingrid Standal Sørheim på toradar kl 12.30/13.30 og 14.30. Konsertane varar 20 min. og er inkluderte i billetten.
- Minikafé: Med vaflar, kaffi og saft
- Opne stover
- Triveleg uteområde å rusla rundt på, nyta utsikta frå haugen og slå seg ned for ei stund. Perfekt for ein piknik!
Bill: 50,- (vaksen) / gratis under 16 år (helst på Vipps #630426 – evt kontant)
Halv pris med Sommarpass 2023. Pass får du m.a. hos dei ulike besøkstadane i Hardanger og Voss museum, som Kunsthuset Kabuso eller Hardanger fartøyvernsenter
Tid
2. juli 2023 11:00 - 30. juli 2023 17:00(GMT+00:00)
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)