– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Styrlause prosessar II

lau19jun(jun 19)00:00sun26sep(sep 26)00:00Styrlause prosessar IIutstilling00:00 - (september 26) 00:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

«Styrlause prosessar» er eit samarbeid mellom Nordisk Kunstnarsenter Dale, (NKD) og Kunsthuset Kabuso. Prosjektet er sett saman av to utstillingar på Kabuso, 2020 og 2021, og eit tre månader langt arbeidsopphald på NKD, Dalsåsen, sommaren 2020. 

Kunstnarane som deltek er Cecilia Jonsson, Pierre Lionel Matte, Ingri Haraldsen, Leander Djønne og ein forfattar; Tora Sanden Døskeland.
Kurator for utstillingane er Sissel Lillebostad, Kabuso, i samarbeid med Arild H. Eriksen, NKD.

Om kunstnarane:

Leander Djønne (1981) har ein produksjon som omfattar skulptur, film og dikt, med utstillingar på UKS Oslo, Landings, EL Parche Bogota, Astrup Fearnley Museum og Hannover Kunstverein. Djønne er utdanna ved Kunstakademia i Oslo, Bergen og Malmö, samt Staedelschüle Frankfurt am Main.

Tora Sanden Døskeland (1992) er utdanna ved Universitetet i København og Skrivekunstakademiet i Bergen. Diktsamlinga Behold meg kom ut på Oktober forlag 2018. 

Ingri Haraldsen (1984) er utdanna ved Høgskolen i Oslo og det Baskiske Universitet, Bilbao, Spania. Ho har stilt ut på QB Gallery Kunstnerforbundet, Tekningmuseet i Laholm Kronica Museum og The Armory Show, NY.

Cecilia Jonsson (1980) er utdanna ved Bergen Kunst og designhøgskole og det nordiske lydkunst programmet. Hennar kunstnarlege arbeid visast internasjonalt og har motteke ein rekke prisar, blant anna COAL Art and Environmental Prize og Prix Ars Electronica. 

Pierre Lionel Matte (1961) har bak seg studieopphald i Polen, Chile og Bolivia i tillegg til Kunstakademiet i Trondheim. Han arbeider idébasert innan dei fleste medier. Dei siste åra har Matte stilt ut på Kunstnerforbundet, Oslo, IKM/OM Oslo, European Rorschach test part II, Kunstbanken og Tegnetriennalen i Oslo.

Foto: Katrine van Tulder og Aukse Drungiliene

Tid

Juni 19 (Laurdag) 00:00 - September 26 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)