Styrlause prosessar
lau20jun(jun 20)00:00sun23aug(aug 23)00:00Styrlause prosessar
Om arrangementet
Deltakande kunstnarar er: Leander Djønne Cecilia Jonsson Pierre Lionel Matte Ingri Haraldsen Forfattar Tora Sanden Døskeland bidreg med tekst. Det som ikkje let seg kontrollera eller
Om arrangementet
Deltakande kunstnarar er:
Leander Djønne
Cecilia Jonsson
Pierre Lionel Matte
Ingri Haraldsen
Forfattar Tora Sanden Døskeland bidreg med tekst.
Det som ikkje let seg kontrollera eller som utviklar seg i uføreseielege retningar, har eit stort skapande potensial samstundes som det kan vekkje djup uro, ei kjensle av å røre seg på ei papirtynn hinne over usikker grunn. Kunstnarane som deltek i sommarens utstilling relaterer seg til korleis me brukar og rører oss i naturen.
>>> Sjå program for daglege visningar av Leander Djønne og Pierre Lionel Matte sine filmar
Styrlause prosessar er eit samarbeid mellom Nordisk Kunstnarsenter Dale, (NKD) og Kunsthuset Kabuso.
Prosjektet er sett saman av to utstillingar på Kabuso i periodane 20.6 – 23.8.2020 og 11.6-12.9.2021, og eit tre månadar langt residens-opphald på NKD, Dalsåsen, sommaren 2020.

Ingri Haraldsen

Leander Djønne

Pierre Matte

Cecilia Jonson
Tid
20. juni 2020 00:00 - 23. August 2020 00:00(GMT+00:00)
Program
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)