Reven, øksa og lilja.
Om arrangementet
Me avsluttar sesongen i Agatunet med dette føredraget om eit særs spanande tema – våpenskjold frå mellomalderen. Kom og høyr ein av våre fremste nasjonale kapasitetar på mellomalderheraldikk – PhD
Om arrangementet
Me avsluttar sesongen i Agatunet med dette føredraget om eit særs spanande tema – våpenskjold frå mellomalderen. Kom og høyr ein av våre fremste nasjonale kapasitetar på mellomalderheraldikk – PhD Jo Rune Ugulen Kristiansen, fortelja om denne spanande delen av vår historie!
Våpenskjold kom i bruk i samband med korstogene på 1100-talet, og kom etterkvart til Noreg. Det var ikkje kven som helst som kunne ha sitt eige våpenskjold. Det var og strenge reglar for korleis dei skulle sjå ut, tydingsfull symbolikk, og våpenskjolda dei inngjekk som element i eit sosialt hierarki. Utforminga og historia bak våpenskjolda på Vestlandet og Hardanger lærar oss mykje om samfunnet i mellomalderen, og ein finn linar inn i vår eigen tid.
I Agatunet budde Sigurd Brynjolvsson, riddar, lagmann og herre til godset Aga. Han var ein mektig mann, og våpenskjoldet hans har vore nytta som kommunevåpen for Ullensvang herad, og skal no leggjast til grunn for det nye kommunevåpenet til Ullensvang kommune. Det er slett ikkje alle kommunar forunt å ha ei so lang og engasjerande historie knytt til kommunevåpenet sitt!
Jo Rune Ugulen Kristiansen er PhD i mellomalderhistorie frå Universitetet i Bergen. Han er tilsett som førstearkivar i Arkivverket, og er redaktør for Diplomatarium Norvegicum, ein kjeldesamling av norske brev og dokument frå den eldste tid og frem til 1570. Diplomatarium Norvegicum gjengir innholdet i dokumentene ordrett på originalspråket (latin og norrønt) og er eit heilt sentralt verk for alle som arbeidar med norsk mellomalderhistorie. Han har også mellom anna skrive mellomalderdelen av regionhistoria for Hardanger som vart gjeve ut i 2015.
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)