ReHarvest
Ein snutt frå konserten på Hauge-senteret. Filma av Svein Viggo Jacobsen:
Publisert av ReHarvest Søndag 28. juni 2015
fre04sep21:00ReHarvestNeil Young på nynorsk
Om arrangementet
Tor Schei Hellesnes – vokal, gitar Alis Lund-Johansen – vokal Rolf Tore Djønne – gitar, banjo, steel guitar Terje Hjartnes – bass Lars Magnus «Topho» Nordtveit – trommer/perkusjon Hanne Li
Om arrangementet
Tor Schei Hellesnes – vokal, gitar
Alis Lund-Johansen – vokal
Rolf Tore Djønne – gitar, banjo, steel guitar
Terje Hjartnes – bass
Lars Magnus «Topho» Nordtveit – trommer/perkusjon
Hanne Li – vokal, piano
Med utgangspunkt i det legendariske albumet Harvest av Neil Young framfører musikarane frå Ulvik i Hardanger eit album som mange har eit sterkt forhold til, med norske tekstar.
Harvest handlar om nærleik, einsemd, kjærleik, utreisetrang og søken etter det trygge og kjende som er i ferd med å forsvinna.
I gjendiktingane plasserer bandet Harvest i vår tid og vårt landskap: ReHarvest.
Ein snutt frå konserten på Hauge-senteret. Filma av Svein Viggo Jacobsen:
Publisert av ReHarvest Søndag 28. juni 2015
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
4. September 2020 21:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)