Prøverommet
sun22aug14:0017:00PrøverommetPerformance
Om arrangementet
Prøverommet vitjar Kabuso – sundag 22. august kl 14-17 (merk nytt tidspunkt)! prøverommet bringar saman kunstnarar frå ulike disiplinar som ynskjer å presentera nye arbeid framfor publikum for første gong. Dette
Om arrangementet
Prøverommet vitjar Kabuso – sundag 22. august kl 14-17 (merk nytt tidspunkt)!
prøverommet bringar saman kunstnarar frå ulike disiplinar som ynskjer å presentera nye arbeid framfor publikum for første gong. Dette arrangementet er elles første gongen prøverommet og Kabuso samarbeidar og på programmet står musikk, performance, forteljing og drag ved desse kunstnarane:
Pedro Riva og Julia Zasteva, Eirik Lillebøe Wiken, Koppen & Jorkjen, Dany Devero og MÅNIN.
Program:
14:00 Pedro Riva & Julia Zasteva (performance, i Ingebrigt Vik-parken)
14:30 Eirik Lillebøe Wiken (forteljing)
15:00 Koppen & Jorkjen (multimedia-førestilling)
15:30 Dany Devero (drag)
16:20 MÅNIN (musikk)
Om kunstnarane og prosjekta:
- Pedro Riva and Julia Zasteva
Pedro og Julia presenterer ‘A fruit is becoming ill in sugar’ ein lengre eksperimentell performance som vil føregå i kaféområdet i Kabuso.Julia Zastava held til i Wien og arbeider med teikningar, video, lyd installasjonar og performance.
Pedro Riva bur og arbeider i Helsinki og er m.a. oppteken av den biopolitiske diskursen. Han har studert filosofi, teater og kunst.
Zastava har mottatt støtte frå Nordic Culture Point i Finland for dette prosjektet.
- Eirik Lillebøe Wiken
Økologisk forteljing.
Eirik Lillebøe Wiken er skribent and permakultur-entusiast busett i Kvam. - Koppen & Jorkjen
Koppen & Jorkjen presenterar eit work-in-progress som bygger på undersøkingar kring skeiv identitet – og historie og kultur knytt til homo-barar i Noreg.
Performance-duoen er sett saman av Henrik Koppen og Finn Adrian Jorkjen. Dei arbeidar med ritualistiske performancar, installasjonar m.m. som vert del av deira «queer mythology». - Dany Devero
Dany Devero presenterar ein drag performance med musikk, dans og kostyme.
Dany Devero er ein lokal drag artist busett i Øystese. - MÅNIN
MÅNIN er Ane Bjerkan (vokal) og indisk harmonium Camilla Hole (saksofon).
Musikk med ope og undersøkande fokus på lyd i sjangrar som akustisk samtidsmusikk/eksperimentell jazz.
Om prøverommet:
prøverommet er BIT Teatergarasjen sitt autonome sidekick, som rører seg mellom arenaer, galleri og andre stadar i og nær Bergen. Konseptet gjer det mogeleg at nye stemmer, nytt materiale, tankar og idéar kan testast ut i eit uformelt og dynamisk alternativ til dei faste institusjonane i Bergen. Det har eksistert saman med BIT Teatergarasjen sitt sesongprogram sidan 1998, og har alltid søkt etter den siste utviklinga i uøndergrunnen til Bergens kunstscene.
prøverommet 2021 is supported by Bergen Kommune, Kulturrådet and BIT Teatergarasjen.
One of the projects for this event has received additional support from Nordic Culture Point.
#teatergarasjen
Billettar: 50,- NOK (under)
Inngang i utstillinga kr 50,- med Prøverommet-billett



Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
22. August 2021 14:00 - 17:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)