Perleskum
sun03okt18:0019:30PerleskumFolkemusikk / Jazz
Om arrangementet
Sundagkveld med Jorun Marie Kvernberg & co i Kabuso – hald av 3. oktober for desse fire jazz- og folkemusikarane! Perleskum er: Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist) Unni Boksasp
Om arrangementet
Sundagkveld med Jorun Marie Kvernberg & co i Kabuso – hald av 3. oktober for desse fire jazz- og folkemusikarane!
Perleskum er:
Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist)
Unni Boksasp (folkesong, harpeleik)
Lars Andreas Haug (tuba)
Dag-Filip Roaldsnes (piano)
To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine evig unge ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Lars Andreas Haug ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg auser på og opp og fram med boge og streng.
Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.
Perleskum spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
3. oktober 2021 18:00 - 19:30(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
febKom på museet i vinterferien!
Om arrangementet
Me har maskeverkstad for born, akebakkar og utlån av akebrett. Dessutan kafe med kakao, varm saft og lappar. Museet er ope frå 10 til 15 på kvardagar og 12-15 i helgar.
Om arrangementet
Me har maskeverkstad for born, akebakkar og utlån av akebrett. Dessutan kafe med kakao, varm saft og lappar.
Museet er ope frå 10 til 15 på kvardagar og 12-15 i helgar. Hjarteleg velkomen!
Tid
Arrangement som går heile månaden (februar)(GMT+00:00)
marKom på museet i vinterferien!
Om arrangementet
Me har maskeverkstad for born, akebakkar og utlån av akebrett. Dessutan kafe med kakao, varm saft og lappar. Museet er ope frå 10 til 15 på kvardagar og 12-15 i helgar.
Om arrangementet
Me har maskeverkstad for born, akebakkar og utlån av akebrett. Dessutan kafe med kakao, varm saft og lappar.
Museet er ope frå 10 til 15 på kvardagar og 12-15 i helgar. Hjarteleg velkomen!
Tid
Arrangement som går heile månaden (mars)(GMT+00:00)