Det er eit repeterande arrangement29. mars 2026 12:00
Påskejakt på Mølstertunet
lau28mar(mar 28)12:00tys31(mar 31)15:00Påskejakt på Mølstertunet
Om arrangementet
Kan du finne påskeegga ute på Mølstertunet? Bli med på påskejakt frå lørdag 28. – til og med tysdag 31. mars. Lever svaret og du er med i trekninga om ein
Om arrangementet
Kan du finne påskeegga ute på Mølstertunet? Bli med på påskejakt frå lørdag 28. – til og med tysdag 31. mars.
Lever svaret og du er med i trekninga om ein påskepremie! Inne på museet har me ein liten verkstad der du kan laga din eigen påskepynt.
Hjarteleg velkomen på museet i påske.
Gratis inngang for born under 16./ vaksen 125 / student 75.
Medlemmer gratis.
Tid
28. mars 2026 12:00 - 31. mars 2026 15:00(GMT+00:00)
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)