Øyvind Dale trio
fre22nov19:30Øyvind Dale trioJazz
Om arrangementet
ØYVIND DALE piano ADRIAN MYHR bass DAG MAGNUS NARVESEN trommer Jazzlinja i Stavanger eksaminerer ut stortalent på rekke og rad – ein å verkeleg halda eit auge med er Øyvind Dale.
Om arrangementet
ØYVIND DALE piano
ADRIAN MYHR bass
DAG MAGNUS NARVESEN trommer
Jazzlinja i Stavanger eksaminerer ut stortalent på rekke og rad – ein å verkeleg halda eit auge med er Øyvind Dale.
Den smakfulle pianisten og komponisten har jobba mest med større ensembler – ikkje minst i eigen sekstett, Significant Time og DaMaNa – men no vil han ha meir fridom til å leika i eit mindre format.
I ein tradisjonell pianotrio får kvar utøvar meir plass og strukturane vert meir gjennomsiktige.
Med seg har han Adrian Myhr – travel bassist, mellom anna i Dr. Kay & his interstellar tone scientists, og Dag Magnus Narvesen frå Sasquatch, Kitchen Orchestra og Gunhild Seim.
Vakkert og sentimentalt med eit telepatisk samspel.
«…den ytterst lovende pianisten Øyvind Dale markerer seg med nydelig og gjennomtenkt spill» (Salt Peanuts)
Tid
22. November 2019 19:30(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)