Opning kulturskuleutstillinga 2023
sun11jun12:0013:00Opning kulturskuleutstillinga 2023Elevutstilling kunstfag
Om arrangementet
Elevutstilling i Johanskjellaren i Agatunet 11.6.23 klokka 12!Nok ein gong er me klare for utstilling laga av kulturskulen! Kunstfagelevane i Ullensvang kulturskule viser i år eit utval arbeid som er
Om arrangementet
Elevutstilling i Johanskjellaren i Agatunet 11.6.23 klokka 12!
Nok ein gong er me klare for utstilling laga av kulturskulen!
Kunstfagelevane i Ullensvang kulturskule viser i år eit utval arbeid som er laga gjennom skuleåret 2022-23. Dei stiller ut teikningar i tusj og blyant, små akvarellar, maleri i akryl og skulpturar. Skulpturane er laga av restmateriale som avispapir og tomme yoghurtbeger som er kombinert med tape, gipsband og deretter måla med akryl. I tillegg viser ein også nokre skulpturskisser i lufttørka leire. Nokre av teikningane er frå ekskursjon tii Ingebrigt Vik Museet i Øystese.
Kunstfag i Ullensvang kulturskule har undervisning i Odda, Hauso og Jondal. Dette skuleåret har det delteke 30 elevar i alderen 9 til 48 år.
Utstillinga står til 27.8.23.
I samband med opninga vert det og musikalske innslag frå elevar ved musikkfaga i kulturskulen! Meir info om desse kjem! Styrar Ingvild Hauso held tale.
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)