– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Open dag på Oppheim gamle prestegard

sun10sep11:00sun15:00Open dag på Oppheim gamle prestegard11:00 - 15:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Sundag 10. september vert det Open dag på Oppheim gamle prestegard. Me opnar dørene til alle husa i det autentiske tunet: det vert lansering av hefte om prestegarden, omvisingar i husa, musikk og kaffi, saft og lappar. Gratis inngang!

Program

11-12 Friluftsgudsteneste v/ prostiprest Arnulf Sandvik

kl 12 – 13 Musikk v/folkemusikar Ellen Marie Selland og born frå Vossestrand barne – og ungdomskor. Lansering av hefte om Oppheim gamle prestegard av og med Brita Tveite. Tveite var tidlegare tilsett som undervisningsleiar ved Voss folkemuseum.

12-15 Omvisingar i husa. I kvart av husa er det omvisarar som kan fortelja meir om det enkelte huset og om tunet.

Kafe med kaffi lappar og saft. Gratis inngang, hjarteleg velkomen!

Ruslar du opp vegen frå Oppheim, forbi den gamle kyrkjegarden, kjem du til eit tun med spor etter byggjeskikk og bustadform frå mellomalderen. Bustadhusa ligg i ei lang, samanhengande rekkje, med skykkje/vedhus, årestove, stove, og bu med loft. På veggen mellom stovene finn ein spor av den eldre dekorforma kroting. Fremst i tunet står løa med fjøs.

Arrangementet er ein del av Kulturminnedagane 2023.

Tid

(Sundag) 11:00 - 15:00(GMT+00:00)

Stad

Opheim gamle prestegard