– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Open dag på Nesheimstunet

sun22mai12:00sun15:00Open dag på Nesheimstunet12:00 - 15:00(GMT+00:00)

Gamle trehus, ved vatn, skifer på alle tak, sommar, himmel med skyer, voss

Om arrangementet

Sundag 22. mai opnar me dørene på Nesheimstunet. Tunet ligg vakkert til på enden av Lønavatnet. Denne dagen kan besøkande verte kjende med den rike historia til garden.
I samarbeid med Hardingfela.no og Osafestivalen syner me «Har du sett nokon gamal kjerring?» av og med Astri Sudman og Kari Finne Sognnæs. Med utgangspunkt i eventyret «Epletreet til den minste prinsessa» har dei laga ei song- og forteljeførestilling som vert vist i den nyaste stova i tunet.
Program
Kl 12 – 15 Opne dørar inn i husa. Du kan utforska på eiga hand eller følgja omvisingar kvar halve time. Fyrste kl 12.
kl 13 Familieframsyning: Har du sett nokon gamal kjerring?
Kafè med sal av lappar, kaffi og saft heile dagen.
Gratis inngang til museet, kr 50 pr pers til framsyninga.
Slik kjem du til Nesheimstunet:16 km frå Vossevangen. Avkøyring frå E16 ved Tvindefossen. Derifrå kan du følgje skiltinga.
Om garden: Nesheimstunet ligg vakkert til i nordenden av Lønavatnet. Garden er einbølt, han har altså ikkje vore oppdelt slik dei fleste gardane på Voss var. Her kan ha vore eit høvdingsete i vikingtida. Der er påvist fleire gravfunn – både kistegraver og branngraver- som fortel om gamal heidensk kultur. I tunet finn ein vedhus, eldhus/årestove og stovehus, samanbygde i ei rekkje. Desse tre husa utgjer eit særmerkt stykke bygningshistorie. Alle tre husa har vore nytta som bustadhus, for så å endra funksjon etter kvart som nye hus har kome til. I eldhuset er det både åre og røykomn, og dette er den einaste røykomnen som er att på Voss. Her er også loft, stall, fjøs og løe. Det budde folk i den nyaste stova fram til 1948. I 1970 vart tunet overteke av Voss folkemuseum

Tid

(Sundag) 12:00 - 15:00(GMT+00:00)

Stad

Nesheimstunet museum