Open dag - gratis inngang
lau07mai10:0015:00Open dag - gratis inngang
Om arrangementet
Sommarsesongen er i gang – velkomen til ein open gratis-dag på fartøyvernsenteret! I år har me fleire nye aktivitetar, for både unge og vaksne. Robåtane er smurde og klare for nye
Om arrangementet
Sommarsesongen er i gang – velkomen til ein open gratis-dag på fartøyvernsenteret!
I år har me fleire nye aktivitetar, for både unge og vaksne. Robåtane er smurde og klare for nye eventyr – kva med å ro ein tur til Sandvenholmen? På den opne dagen kan du lære å flette ei lita matte av reipslagar Ingunn. Museumsleiar Tone serverer kokekaffi og vaflar på kaien, og det er lunsjbuffé og is i kafeen. Som alltid kan du snikra ein leikebåt og lage tau på mini-reiparbana. Nytt i år er lafting – kjekt for både små og store barn!
Velkomne til oss!
Tid
7. mai 2022 10:00 - 15:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)