Nabokrangel, samfunnsstyring og lagmannen på Aga
tors20jun18:3019:30Nabokrangel, samfunnsstyring og lagmannen på AgaFøredrag med Jørn Øyrehagen Sunde
Om arrangementet
Jørn Øyrehagen kjem attende til Agatunet for eit nytt føredrag om historia på Aga. Det er ein kunst å kunna leve tett på sine naboar i eit klyngetun utan å koma
Om arrangementet
Jørn Øyrehagen kjem attende til Agatunet for eit nytt føredrag om historia på Aga.
Det er ein kunst å kunna leve tett på sine naboar i eit klyngetun utan å koma i konflikt. For å lukkast bør ein helst ha mange og gode reglar for korleis ein skal oppføra seg, og gode måtar å handheva på. Landslova av 1274 og Sigurd Brynjulvsson sitt virke var sikta inn på dei områda som ikkje var regulert av naboskapsreglar, eller når handhevinga av desse reglane svikt. Det var dermed eit fint og nødvendig samspel mellom kongeleg lov og lagmann på den eine sida, og naboskapsreglar handheva på tunet på den andre.
Velkomne til eit spanande føredrag!
Program
sun21sep12:0015:00Bornas kulturminnedag / Leikedag
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn
Om arrangementet
Det er kulturminnedagar og me feirar med leikedag for born, sundag 21. september. Spikking, hoppetau, hoppestrikk, klinkekuler, kongen på trappa, hesteskokasting eller songleikar. Me håpar og trur mange born finn ein leik dei likar som dei kanskje ikkje viste om. Meir om program kjem etterkvart.
Tid
21. September 2025 12:00 - 15:00(GMT+00:00)