Mjøs og Stubsveen
sun13nov18:3020:00Mjøs og StubsveenSundagskonsert
Om arrangementet
Sundagskonsert og kafé på Hardanger folkemuseum 13. nov kl 18.30, med Johanne Løkensgard Mjøs frå Bergen og Sigrid Stubsveen frå Engerdal som endeleg har gjort alvor av å spela saman
Om arrangementet
Sundagskonsert og kafé på Hardanger folkemuseum 13. nov kl 18.30, med Johanne Løkensgard Mjøs frå Bergen og Sigrid Stubsveen frå Engerdal som endeleg har gjort alvor av å spela saman som duo! – og spelt inn flunkande ny plate!
Korleis spelekvinner frå kvar sin kant av landet finn ut at dei vil spele saman, spør du? Tja… Johanne trakterer både fele og hardingfele, og med fela er det musikken frå Nordland og Troms som har fengsla. Sigrid har gjort det til sitt livsprosjekt å spele engerdalsmusikk på fela. To ganske ulike tradisjonar har likevel nokre likskapar. Slåttane er korte og melodiane kanskje litt rare, og med temperamentsfulle nordlandsslåttar med mykje vêr, og knudrete engerdalsslåttar som kanskje pratar litt meir i koppen, lagar Johanne og Sigrid morosame og varierte konsertar som held deg vaken!
I kafeen byr me på nysmurde potetkaker og andre gode kaker. Ta ettermiddagskaffien på Hardanger folkemuseum saman med konserten! Kafeen opnar ein time før, kl 17.30
Velkomne til ei humørfylt konsertoppleving!
Billettar: 300 for vaksne, 270 med sesongkort, 150 for studentar, og gratis for born under 16 år.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
13. November 2022 18:30 - 20:00(GMT+00:00)
Program
sun19jul13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
19. juli 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
Andre tider for dette repeterande arrangementet
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)