Det er eit repeterande arrangement8. juli 2022 12:15
Minikonsertar fredagar i juli
fre01jul12:1513:30Minikonsertar fredagar i juliSvein Kjerland på hardingfele
Om arrangementet
I heile juli månad byr me på to korte hardingfelekonsertar med Svein Kjerland kvar fredag og laurdag! Konsertane finn stad i Lagmannsstova klokka 12.15 og 13. Svein Kjerland (f.1996) er frå Granvin
Om arrangementet
I heile juli månad byr me på to korte hardingfelekonsertar med Svein Kjerland kvar fredag og laurdag!
Konsertane finn stad i Lagmannsstova klokka 12.15 og 13.
Svein Kjerland (f.1996) er frå Granvin og busett i Rauland. Han har ein bachelor i folkemusikk frå Universitetet i Sør-aust Noreg, avdeling Rauland. Han er ein dyktig hardingfelespelar, aktiv både som solist og i ulike grupper og spelemannslag. Svein brenn formidling av folkemusikk og folkekultur, og arbeidar og som lærer i kulturskulen – både på fele, gitar og trommer!
Konsert er inkludert i billetten og er ei flott oppleving!
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)