Minikonsert med Jonas Laupsa
fre02jul(jul 2)12:15lau31(jul 31)13:00Minikonsert med Jonas LaupsaHardingfelespel i Lagmannsstova
Om arrangementet
FASTE MINIKONSERTAR JULI 2021 Sesongen 2021 kjem ein ung felespelar, Jonas Laupsa, til Agatunet og held minikonsertar. Konsertane vert kvar fredag og laurdag i juli måned, klokka 12:15 og 13:00. Konsertene er
Om arrangementet
FASTE MINIKONSERTAR JULI 2021
Sesongen 2021 kjem ein ung felespelar, Jonas Laupsa, til Agatunet og held minikonsertar. Konsertane vert kvar fredag og laurdag i juli måned, klokka 12:15 og 13:00.
Konsertene er inkluderte i billetten, og vil normalt verte haldne i Lagmannsstova, med eit avgrensa antal tilgjengelege plassar. Du kan skriva deg på liste i kaféen når du løyser billett for å reservera plass.
Jonas kjem frå Folkedal i Granvin, byrja å spele fele når han var 7 år gamal. Han gjekk på musikkskulen i Granvin, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar, har siden gått på musikklinja på Voss Gymnas og i lære hjå Leif Rygg, Steinar Rygg, Åse Teigland. Han har delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, landskappleik og ulike kurs rundt i landet. Jonas har fleire gonger vunne klasse C hardingfele på kappleikar. Han har òg delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag og spelt med dei på kappleikar. Jonas spelar òg på konsertar på Voss og i Hardanger, blandt anna saman med kvedaren Mari Holven, og Vossarebels. Han har motteke Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris i 2017 og Sparebankstiftinga Hardanger sitt kulturstipend.
Jonas Laupsa er ein talentfull og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss over at skal spela hjå oss i sommar!
Konsertane varer 20-30 minutt. Kom og høyr ungdommen formidla tradisjonen!
Program
sun09aug13:0013:40Konsertar med Markus Lirhus
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling
Om arrangementet
Markus Istad Lirhus er ein 21 år gamal gitarist frå Bulken. Han studerer bachelor i musikkformidling ved Universitetet i Innlandet på Hamar. Dette semesteret har Lirhus vore på utveksling i Nashville der han har studert ved Belmont University. Musikken er inspirert av country, folkemusikk, bluegrass og akustisk gitartradisjon, og Lirhus gav nyleg ut debutalbumet. I sommar har du to høve til å høyre den unge dyktige gitaristen i Arnfinnsfloren ute på Mølstertunet – sundagane 19. juli eller 9. august. Velkomen!
Konsertane er inkluderte i billetten.
Demovideo:
https://drive.google.com/file/d/1Ai6r7ktQKMUUO_OHT_QJ3ExFmWvnmlW4/view?usp=sharing
Album:
https://open.spotify.com/album/5HXO7qpLuVRNwAIYFlbXji?si=Go__-xOjQGKhFMJrGBGI_A
Tid
9. August 2026 13:00 - 13:40(GMT+00:00)
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)