KVELDSKURS: Småsløyd
tors03feb(feb 3)17:30tors24(feb 24)20:00KVELDSKURS: Småsløyd
Om arrangementet
Vil du lage dine eigne bruksgjenstandar i tre til husbruk? Me møtest til spikking og sosialt samvær i småbåtverkstaden 4 torsdagar i februar. Du kan også velje deg ut ein
Om arrangementet
Vil du lage dine eigne bruksgjenstandar i tre til husbruk? Me møtest til spikking og sosialt samvær i småbåtverkstaden 4 torsdagar i februar. Du kan også velje deg ut ein eller fleire kveldar og betale per gong. Lær å lage skeier, sleiver, koppar m.m. frå utval av emne til overflatebehandling. På kurset går me gjennom forskjellige teknikkar frå tradisjonell bondesløyd. Instruktør Arne gjer gode råd og tips undervegs.
– Vil du lage noko spesielt, så fortel oss om det!
INSTRUKTØR: Arne Eriksen
PRIS: 200,- pr. gong/700,- for alle
TID: 3., 10., 17 og 24. februar kl. 17.30-20.00
MÅLGRUPPE: Nybyrjar/alle
TA MED: Tollekniv og skeikniv, eller lån hos oss
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 27. jan. 2022
Tid
3. februar 2022 17:30 - 24. februar 2022 20:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)