KVELDSKURS: Småsløyd
tors03feb17:30KVELDSKURS: Småsløyd

Om arrangementet
Vil du lage dine eigne bruksgjenstandar i tre til husbruk? Me møtest til spikking og sosialt samvær i småbåtverkstaden 4 torsdagar i februar. Du kan også velje deg ut ein
Om arrangementet
Vil du lage dine eigne bruksgjenstandar i tre til husbruk? Me møtest til spikking og sosialt samvær i småbåtverkstaden 4 torsdagar i februar. Du kan også velje deg ut ein eller fleire kveldar og betale per gong. Lær å lage skeier, sleiver, koppar m.m. frå utval av emne til overflatebehandling. På kurset går me gjennom forskjellige teknikkar frå tradisjonell bondesløyd. Instruktør Arne gjer gode råd og tips undervegs.
– Vil du lage noko spesielt, så fortel oss om det!
INSTRUKTØR: Arne Eriksen
PRIS: 200,- pr. gong/700,- for alle
TID: 3., 10., 17 og 24. februar kl. 17.30-20.00
MÅLGRUPPE: Nybyrjar/alle
TA MED: Tollekniv og skeikniv, eller lån hos oss
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 27. jan. 2022
Tid
(Torsdag) 17:30(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
>>> MELD DI INTERESSEProgram
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
tors22mai12:00tors17:00Utstillingsopning: Frå skog til drake. Verktøy brukt til arbeid i tre

Om arrangementet
Hjarteleg velkomen til utstillingsopning ! Program Kl 12 00 Opning v/ båtbyggar, forfattar og formidlar Peter Helland Hansen. Musikkinnslag, forfriskningar og enkel servering. kl 12 – 17 Ope museum og gratis inngang. Utstillinga «Frå skog
Om arrangementet
Hjarteleg velkomen til utstillingsopning !
Program
Kl 12 00 Opning v/ båtbyggar, forfattar og formidlar Peter Helland Hansen.
Musikkinnslag, forfriskningar og enkel servering.
kl 12 – 17 Ope museum og gratis inngang.
Utstillinga «Frå skog til drake» handlar om verktøyhistorie i førindustriell tid. Med utgangpunkt i samlingane på Voss folkemuseum viser me verktøy brukt til arbeid i tre.
Om utstillinga
Slik levekåra var på bygdene måtte dei fleste klara seg sjølve i arbeidskvardagen. I utstillinga Frå skog til drake viser me verktøy dei har hatt å hjelpa seg med i det daglege arbeidet. Reiskapar brukt i skogen, til snikkararbeid og treskjekjering. I eit samfunn prega av sjølvhjelp måtte ein vera allsidig og tenke logisk. Men med enkle eigenproduserte reiskapar vart det sett opp ulike bygningstypar og laga eit mangfald av bruksting. Alt som del av å få livet til å gå rundt på ein gard.
Mykje av verktøyet i våre samlingar er frå 1700- og 1800-talet. Men her er òg fleire typar som har vore nytta til arbeid i tre sidan tidleg middelalder. På nasjonalt nivå er dei rikt dekorete stavkyrkjene våre mest ikoniske bygningar i tre frå mellomalderen. Med høg kompetanse på handverk og trevyke vart dei sett opp med bruk av berre fire frem verktøy. Og fleire står att 900 år seinare! I utstillinga viser me ein modell av Borgund i Lærdal som er rekna for å vere ei av dei best bevarte.
Utsmykningane på stavkyrkjene – drakestilen – vart fleire hundreår seinare ein viktig inspirasjon for norske treskjerara, på jakt etter eit eige norsk formspråk. Ein av desse var treskjeraren Magnus Dagestad frå Voss. I år markerer me at det 75 år sidan museet med arbeidet etter han opna. Difor vil me vise nokre utvalde verk av Dagestad i utstillinga – utført i drakestil.
Foto: Verktøyskisser henta frå boka Mechanick Exercises frå 1703 av Joseph Moxon.
Tid
(Torsdag) 12:00 - 17:00(GMT+00:00)