KURS: Lær å segle tradisjonsbåt
lau28mai(mai 28)10:00sun29(mai 29)16:00KURS: Lær å segle tradisjonsbåt
Om arrangementet
Vil du læra å segle tradisjonsbåt? Drøymer du om å bli skipper på eigen skute, eller segle i lag med andre? I dette introduksjonskurset får du både teoretisk og praktisk
Om arrangementet
Vil du læra å segle tradisjonsbåt? Drøymer du om å bli skipper på eigen skute, eller segle i lag med andre? I dette introduksjonskurset får du både teoretisk og praktisk innføring i segling og handtering av tradisjonsbåt. Me nyttar Hardangerfjorden som læringsarena, og saman med våre instruktørar frå Hardanger fartøyvernsenter får du prøve deg både i småbåt og litt større båt.
PRIS: 2500,- Inkl. lunsj laurdag og sundag
TID: 28.-29. mai, kl. 10.00-16.00 begge dagar
MÅLGRUPPE: Alle! Frå 16 år og oppover
TA MED: Redningsvest og klede etter været (det er mogleg å låne redningsvest om ein ikkje har sjølv)
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 13. mai 2022
Tid
28. mai 2022 10:00 - 29. mai 2022 16:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)