Kurs metallkniplingar
lau05jan(jan 5)09:30lau12(jan 12)16:30Kurs metallkniplingarLær å laga kniplingar i sylv og gull
Om arrangementet
I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset
Om arrangementet
I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å laga kniplingar i sølv og gull.
Metallkniplingar var mykje nytta på gamle bringklutar, og lagar ein fin overgang mellom hovudmotivet på bringkluten og bandkanten øvst. Dei er ikkje så vanskelege å få til, særleg ikkje under kyndig rettleiing frå kurslærar Åse Bratland.
Kurset vert laurdag 5. januar og laurdag 12. januar kl 09.30 – 16.30, på Hardanger folkemuseum.
Påmelding til post@hvm.museum.no /47479884 innan 15. des
Pris: 2000 for medlemmer i folgefonn/norges husflidslag, 2500 for ikkjemedlemmar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og lunsj begge dagane.
Tid
5. januar 2019 09:30 - 12. januar 2019 16:30(GMT+00:00)
Billettsal
post@hvm.museum.no
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)