KURS: Åremaking
fre28aug(aug 28)09:30sun30(aug 30)14:00KURS: Åremaking
Om arrangementet
NB! Ny dato! Hardanger fartøyvernsenter arrangerar kurs i åremaking frå 28-30. august 2020. På kurset lærer du å lage dine eigne vestlandsårar i furu under rettleiing av båtbyggjarar. Du blir
Om arrangementet
NB! Ny dato! Hardanger fartøyvernsenter arrangerar kurs i åremaking frå 28-30. august 2020. På kurset lærer du å lage dine eigne vestlandsårar i furu under rettleiing av båtbyggjarar. Du blir kjent med åra sine namn, grunnmål og eigenskapar. Vidare korleis me vel ut material, merkar opp og tilverkar årane med tradisjonelle verktøy. Me avsluttar kurset med ein rotur på Hardangerfjorden der me får testa ut dei nye årane.
INSTRUKTØRAR: Peter Helland-Hansen, Arne Eriksen
PRIS: 5900,- Inkl. materialar og mat
MÅLGRUPPE: Nybegynnarar/alle, men gjerne noko erfaring med trearbeid
BETALINGS- & PÅMELDINGSFRIST: 3. august 2020
SPØRSMÅL & PÅMELDING
til Line Kirstine Larsen, formidlingsleiar
E-post: line.larsen@hvm.museum.no
Tlf. +47 479 74 363
Tid
28. August 2020 09:30 - 30. August 2020 14:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
sun13sep12:0015:00Opne dører på Nesheimstunet
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har
Om arrangementet
Me inviterer publikum inn i husa på Nesheimstunet sundag 13.september frå 12-15. Me jobbar for tida med å skaffe midlar til eit større restaureringsprosjekt i tunet. Murane under årestova har sige ut over lang tid og no håpar me å få gjort noko med dei i løpet av dei komande åra.
Tunet er stengt til vanleg men denne sundagen kan alle som vil verte betre kjende med husa og gardshistoria. Styrar og bygningsverkonsulent ved Voss Folkemuseum stiller opp til spørsmål og samtale. Gratis inngang!
Foto: Svein Ulvund
Tid
13. September 2026 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Stad
Nesheimstunet museum
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)