Kunstbar: Modeller med leire
tors22okt19:00Kunstbar: Modeller med leireUformell møteplass
Om arrangementet
Hald av torsdag 22. oktober for byggeverkstad i Kabuso! Som tidlegare byr kvelden på noko godt i glaset, teikning og uhøgtideleg stemning. I samband med den aktuelle aktiviteten Verkstad på
Om arrangementet
Hald av torsdag 22. oktober for byggeverkstad i Kabuso!
Som tidlegare byr kvelden på noko godt i glaset, teikning og uhøgtideleg stemning. I samband med den aktuelle aktiviteten Verkstad på huset inviterar fagleg leiar Sissel Lillebostad til ein slags vri på Drink&Draw; men denne gongen er det bygging som gjeld. Teikneblyantar vert bytt ut med lim, arkitektpapp, maling, leire etc. Du kan anten modellera med utgangspunkt i utstillingsrommet i Ingebrigt Vik museum – eller etter heilt eigne idéar.
Arrangementet vil bli gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.
Om Kunstbar:
Kvar månad vert eit nytt tema presentert. Temaet relaterer seg til utstillingar og anna aktuelt i Kabuso.
Kunstbar har som mål å vera ein uformell møtestad for deg og meg.
Bill kr 150,- inkl. valfri drikke frå kaféen/baren:
Vår eigen Storeteigenmost, mineralvatn, vin, øl, kaffi, te etc
Billettsal på nett, restbillettar i døra
Tid
22. oktober 2020 19:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)