Kunstbar
Om arrangementet
Velkomen til årets første Kunstbar! Torsdag 13. februar kl 19 byr huset på eit variert program, noko godt i glaset og finfin stemning.Samtale med Aleksander Aga Røynstrand – spelemann i
Om arrangementet
Velkomen til årets første Kunstbar! Torsdag 13. februar kl 19 byr huset på eit variert program, noko godt i glaset og finfin stemning.
- Samtale med Aleksander Aga Røynstrand – spelemann i særklasse
- Omvising i nyopna utstillingar av Maia Urstad, Lars Ove Toft og Audun Storaas.
- Kahoot med spørsmål knytte til musikk, kunst m.m.
- Om Kunstbar:
Kvar månad vert eit nytt tema presentert. Temaet relaterer seg til utstillingar og anna aktuelt i Kabuso.
Kunstbar har som mål å vera ein møtestad for deg og meg
Bill kr 150,- inkl. valfri drikke frå kaféen/baren:
Bramleymost frå Storeteigen, kaffi, te, vin, øl etc.
Tid
13. februar 2020 19:00(GMT+00:00)
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)