Kakaokonsert
lau28okt13:00KakaokonsertUnge talent13:00(GMT+00:00)
Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 28. oktober kl 13! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg
Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 28. oktober kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJØPSjå dette arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utProgram
Arrangementtype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Stiftinga Bergsliminne
Storeteigen
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
ons20nov18:00ons20:00Byggeskikk og bruk # 2: Vestlandsloftet18:00 - 20:00(GMT+00:00)
Om arrangementet
Velkommen til ei ny føredragsrekkje om ulike bygningstypar i regionen.LOKALE BYGNINGSTYPOLOGIAR: BYGGESKIKK OG BRUK Førelesningsrekka har som formål å
Om arrangementet
LOKALE BYGNINGSTYPOLOGIAR: BYGGESKIKK OG BRUK
Onsdag 20. november, klokka 18:00 – 19:30, Voss folkemuseum
Anne Kristin Moe er etnolog med ei stor interesse for den førindustrielle bondekulturen. Ho har tidlegare arbeidd som konservator for eldre bygdekultur ved Norsk Folkemuseum i Oslo, og er no museumsleiar for Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Ho er spesielt interessert i bygningar som er ulike på Austlandet og Vestlandet, og loft er ein av dei bygningstypane. I føredraget vil ho snakka om loftet som bygningstype, utbreiing, korleis dei tradisjonelt vart brukt og ikkje minst, at det stadig blir fleire loft på Vestlandet som syner seg å vere eldre enn det ein tidlegare har trudd.
Andre del av kvelden vil handla om ny/vidare bruk av lofta. Meir informasjon kjem etterkvart.
Etter førelesingane vert det lagt opp til spesialomvising i dei to bualofta på Mølstertunet. Her er det både mørkt og kaldt, så kle deg godt og ta gjerne med ei lommelykt om du har.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00(GMT+00:00)