Kulturminnedagane
sun13sep11:0016:00KulturminnedaganeFilm og føredrag
Om arrangementet
I år blir det ikkje arrangement på Storeteigen under Kulturminnedagane. Men i samarbeid med Kunsthuset Kabuso kan du likevel få ein smak av kva bygdetunet har å by på: Program
Om arrangementet
I år blir det ikkje arrangement på Storeteigen under Kulturminnedagane. Men i samarbeid med Kunsthuset Kabuso kan du likevel få ein smak av kva bygdetunet har å by på:
Program for kulturminnedag i Kabuso:
- Kl 11.15: Første filmvising -Tre korte filmar (ca 5 min kvar) om stølsdrift
- Kl 12: Føredrag
Livar Aksnes viser og fortel om ulike stølsreiskap. Aksnes er tidlegare journalist og har delteke i stølsdrift gjennom åra.
Han fortel om eigne erfaringar og har lånt inn reiskap frå Storeteigen bygdetun til framsyning. - Dei tre filmane vert viste i heile Kabuso si opningstid, kl 11-16
- Øvrig tilbod i Kabuso denne dagen: Vestlandsutstillingen og Ingebrigt Vik museum (eigen billett), kafé og gåvebutikk
>>> Les meir om Kulturminnedagane
Gratis inngang på føredrag og film

Tid
13. September 2020 11:00 - 16:00(GMT+00:00)
Program
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)