Det er eit repeterande arrangement30. juni 2023 11:00
Krotakakebaking
fre23jun11:00KrotakakebakingSjå tradisjonsbaking og kjøp bakst!
Om arrangementet
Kvar fredag i skuleferien bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjeller i Haldorsstova. Du kan sjå tradisjonsbakst i vedfyrt omn og handla nysteikte kaker direkte frå omnen. Dei startar
Om arrangementet
Kvar fredag i skuleferien bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjeller i Haldorsstova.
Du kan sjå tradisjonsbakst i vedfyrt omn og handla nysteikte kaker direkte frå omnen. Dei startar omlag klokka 11 og bakar og sel til klokka 15 eller til det er tomt!
Du kan lesa litt meir om baking her: https://agatunet.no/krotakakebaking/
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)