Krot i røykstova - ein gløymd kvinnetradisjon
ons27apr19:0021:00Krot i røykstova - ein gløymd kvinnetradisjon
Om arrangementet
I dei gamle røykstovene var det vanleg at ein til jol, til jonsok og ved store markeringar, vaska sotet av veggene. Deretter vart ein eller fleire omfar dekorerte med fine
Om arrangementet
I dei gamle røykstovene var det vanleg at ein til jol, til jonsok og ved store markeringar, vaska sotet av veggene. Deretter vart ein eller fleire omfar dekorerte med fine geometriske mønster. Mønsteret vart teikna opp med ei røre av kritt og vatn til ei samanhengende frise som gjekk stova rundt Dette vert kalla kroting og det er ein tradisjon me finn over heile vestlandet. Kva veit me om denne meir ukjende delen av bygningshistoria ? Kor finn me spor av kroting i dag? Bygningsvernkonsulent Anne Lise Brask Eriksen held føredrag om dekoren som var vanleg i dei gamle stovene med ope eldstad.
Foto: Spor av krot frå Opheim gamle prestegard
Billettpris: kr 150 / 100 (medlem)
Tid
27. April 2022 19:00 - 21:00(GMT+00:00)