Konsert Sogesong
fre08feb19:30Konsert SogesongAnne Hytta og Øyonn Groven Myrhen
Om arrangementet
Fredag 8. februar kjem årets folkemusikar Anne Hytta og kvedaren Øyonn Groven Myhren til Utne. Saman utgjer dei duoen Sogesong. -For nokre år sidan byrja me å nærma oss det rike
Om arrangementet
Fredag 8. februar kjem årets folkemusikar Anne Hytta og kvedaren Øyonn Groven Myhren til Utne. Saman utgjer dei duoen Sogesong.
-For nokre år sidan byrja me å nærma oss det rike repertoaret av telemarksballadar saman. Dei forunderlege melodiane og eventyrlege forteljingane ville oss noko. Me har vekt dei fram dvala på daudt papir, og sunge og spelt på desse godt gøymde eventyrvisene frå middelalderen til dei smått om senn har fått eit liv som me tykkjer kler dei, fortel Øyonn og Anne i duoen Sogesong.
Øyonn Groven Myhren si unike kvedarsemme og rekonstruksjon av strengeinstrument frå middelalderen er utgangspunktet for Sogesong. Med Øyonn og Anne sitt djupt personlege uttrykk fundert i Telemark sine gamle folkemusikktradisjonar let Sogesong ulikt det aller meste. Sogesong er eit møte mellom det urgamle og noko genuint nytt, forma ut og framført av to folkemusikarar av i dag. Kanskje er det allikevel klangen av noko som kunne ha vore sunge og spelt for lenge, lenge sidan.
Billettar: 250,- Med sesongkort får du billettar til redusert pris: 225,-
Pub og kafé
Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.
NB! Laurdag 9.2.19 held Øyonn Groven Myhren balladekurs på Hardanger folkemuseum. Les om kurset her, og meld deg på!
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
![]()
Tid
8. februar 2019 19:30(GMT+00:00)
Program
tors10sep18:0020:00Drakar og åklevev
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903
Om arrangementet
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Tid
10. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
mån21sep18:0020:00AmerikabrevAmerikabrev frå før 1850
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre
Om arrangementet
Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlega breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Tid
21. September 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)